Om oss

Ullensvang amatørkulturråd (UllA) vart stifta 14. juni 2018 av representantar frå det friviljuge og amatørbaserte kulturlivet i Odda, Ullensvang og Jondal. UllA skal vera ein paraplyorganisasjon for alle lag, foreiningar og enkeltpersonar som driv med kulturaktivitet. UllA skal også  vera ein pådrivar for at det friviljuge kulturlivet i Ullensvang kommune skal stå sterkt og ha gode rammevilkår.

Viktige saker for amatørkulturrådet er å arbeida å spre kunnskap om amatørkulturen. Me skal vera ein pådrivar for at det friviljuge kulturlivet har minst like gode rammevilkår som idretten, og saman med medlemmene vil me styrka rekrutteringa og marknadsføringa. Me vil óg arbeida for å synleggjera det store og mangfaldige kulturlivet i Ullensvang kommune.

Ulla ønskjer å få til ein interkommunal kulturkonferanse i 2019, der fagleg oppdatering av kulturfeltet, skapa nettverk på tvers av kommunegrensene og metodisk arbeid med utforming av den nye kulturkommunen Ullensvang. 

Bakgrunnen for opprettinga av Ullensvang amatørkulturråd står i Hordaland Fylkeskommunes Regionale kulturplan 2015-2025:

«For amatørkulturlivet i Hordaland kan det vere av stor nytte å etablere lokale amatørkulturråd, etter modell og inspirasjon frå dei lokale idrettsråda, som kan arbeide for eit større og sterkare amatørkulturliv i fylket, og som eventuelt er samordna i eit amatørkulturråd på fylkesplan.

Eit viktig føremål for eit amatørkulturråd er å vere ei samordnande kraft for amatørkulturlaga og organisasjonane i sitt område. Det skal styrke amatørkulturlivets rolle og rammevilkår, vere ein rådgjevar for kommunen, og såleis vere ein møteplass og utviklingsdrivar mellom offentleg og frivillig arbeid .

Det er ei målsetting å prøve ut etablering av lokale amatørkulturråd i samarbeid med nokre kommunar, etter modell frå idrettsråda.»