Ullensvang amatørkulturråd (UllA) vart stifta 14. juni 2018 av representantar frå det friviljuge og amatørbaserte kulturlivet i Odda, Ullensvang og Jondal. UllA skal vera ein paraplyorganisasjon for alle lag, foreiningar og enkeltpersonar som driv med kulturaktivitet. UllA skal også  vera ein pådrivar for at det friviljuge kulturlivet i Ullensvang kommune skal stå sterkt og ha gode rammevilkår.

Viktige saker for amatørkulturrådet er å arbeida å spre kunnskap om amatørkulturen. Me skal vera ein pådrivar for at det friviljuge kulturlivet har minst like gode rammevilkår som idretten, og saman med medlemmene vil me styrka rekrutteringa og marknadsføringa. Me vil óg arbeida for å synleggjera det store og mangfaldige kulturlivet i Ullensvang kommune.

Klikk her for å lesa meir om oss.